Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

PROGRAMOVERSIKT

Filtrer









grendakoret

Øving Grendakoret

tirsdag 22. august kl 19:00, Jondal Kyrkje, Jondal sentrum
Kvar tysdag kl 19 - 21 i Jondal kyrkje!
Flott om du også blir med i koret.

Vi øver i Jondal kyrkje tysdagar kl.19- 21. Kom og bli med i ein fin og songglad gjeng som syng saman både i kyrkja og andre samanhangar, som gjerne er med på ulike samarbeidsprosjekt - og skaper samarbeidsprosjekt. Sjølv om vi pr. i dag er godt vaksne, ønskjer vi veldig gjerne medlemmer frå ungdomsskulealder og med fri aldersgrense oppad:) - Velkomne.

Vårsemesteret vert avrunda med sommarkonsert i Hardanger kulturgalleri 8.juni kl.19- og med god mat på Tveiten etterpå.

Vi tar veldig gjerne imot spørsmål om å vere med å synge både i profane og i sakrale settingar. Ta gjerne kontakt med Marit Grethe- 97780275.

Året 2017 fyller Jondal Grendakor 30 år, jubileumsdagen er 1.september. Alt 5.november-16 laga vi ein konsert på Jonsvoll saman med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Denne konserten var starten for 30-års jubileet vårt, som vi vidare markerer med ei songgudsteneste i kyrkja, søndag 3.september.  Sjølve 30års dagen feirar vi med jubileumskonsert  i Jondal kyrkje 1.september 2017 kl.19 saman med mellom anna Solstråla, JU, HBB, John Ole Morken og Lajla Buer Storli. 

For stundom å kunne vere med i eit større kor, stifta songarar frå Jondal Grendakor regionskoret Hardangerkoret i 2008. Dette koret starta opp aktivt hausten 2009. Og fleire av korsongarane i JG hentar framleis ekstra inspirasjon ved å vere med i dette regionskoret som de finn info om på linken www.hardangerkoret.no

Velkomne på øving!