Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

PROGRAMOVERSIKT

Filtrer








bokgilde

Bokgilde - presentasjon av nye bøker

torsdag 28. februar kl 19:00 , Kinsarvik bibliotek
2019 er det nasjonale Bokåret, og det skal markerast på fleire måtar gjennom året.
Me startar med ein bokpresentasjon.
Slit du med å velja bøker? På denne presentasjonen vil du få sjå og høyra om både fagbøker og skjønnlitteratur for vaksne.
Kvart år ser me at det er mange godbitar som hamnar i skuggen av bestseljarane. No vil me rett og slett lyfta fram fleire av dei nyaste bøkene som er utgitt. Det er fleire skjulte bokskattar!
Denne kvelden får du servert bøker som er utgitt det siste året. Det vert ein kort presentasjon av boka, og lese eit utdrag frå nokre av dei. Kanskje finn du boka som roper på akkurat deg?

Presentasjon ved Erika Alnæs

Arr. er gratis