Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

PROGRAMOVERSIKT

Filtrer








sentralshow

Sentralshow med Gry og Gro

fredag 14. februar kl 20:00 , Sentralbadet Litteraturhus
Sentralshow med Gry og Gro byr som vanleg på underhalding, humor, alvor, det uutalte som alle tenker på, og fabelaktige gjester i salongen på scena.
På sjølvaste valentinsdagen, er det mellom anna trekløveret bak OFF; Odda For Faen, som inntar sofaen mellom Gry & Gro.

Det vert på ingen måte noko kliss frå scena, då det er delte meiningar i OFF om konseptet "valentinsdagen", men alle har kjærleik og elsk som vil kome publikum til gode.

Det blir sjølvsagt servering før, under og etter sentralshowet.

Arrangementet går av stabelen i den raude sal i 2. etasje. Dørene opnar kl 19.00.
Aldersgrense 20 år.

Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast på TicketCo.