Ustillingsopning: Lars Korff Lofthus, Ølbollerim
lørdag 1. juni kl 17:00 , Sentralbadet Litteraturhus
Opning av utstillinga Ølbollerim av Lars Korff Lofthus
I denne utstillinga viser Lofthus nye maleri på lerret og papir. Saman skapar dei eit univers der landskap, tradisjonar og menn kjem saman i nye scenario.
Korff Lofthus sitt arbeid kan karakteriserast som ei undersøking av høvet mellom identitet og stad – om posisjonar der ein både er framandgjort og heime.
Han er oppteken av element frå perifer folkekultur og urban populærkultur, det maskuline og det skeive, det historiske og det samtidige, og prøver å lage nye scenario der desse elementa møtast. Lofthus går ofte i dialog med det norske landskapsmaleriet, og finn stadig motiv som historia har gløymt å male.