Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

OM ARRANGEMENTET

Filtrer








fjorden cowboys premiere

Premierefest Fjorden Cowboys + Dans med Lazy

fredag 15. februar kl 19:00 , Iris Scene Odda
Velkomen til ein heilaften på Iris Scene.
Fjorden Cowboys har gått på TV2 sidan 2014. Leif Einar “Lothepus” Lote og Joar Førde blei fort rikskjendisar. Serien om dei to som jobba i anleggsbransjen i Hardanger falt i smak hos det norske folk. Serien vant to priser under Gullruten 2017: beste dokusåpe og beste klipp/redigering.

I anledning sesong 7 av Fjorden Cowboys, blir det premierefest på Iris Scene. Lothepus kjem, Joar kjem, kjem du? TV2 vil vil være til stede og filme under premierefesten. Vi viser dei to første episodane frå sesong 7 på storskjerm.

Og du trur vi var ferdige der? Nei, premierefesten er ikkje over. Lazy kjem, og speler opp til dans. Det er bare til å glede seg!

Meir info kjem, så følg med på arrangementet på Facebook!