Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

OM ARRANGEMENTET

Filtrer








opedal

Heimstad, røtter og vandring: Møt Hallgeir Opedal

lørdag 15. juni kl 19:00 , Sentralbadet Litteraturhus
Til litteraturhuset denne sommarkvelden kjem Hallgeir for å snakke om vandring, røtter, identitet og Odda. Intervjuar er Elise Winterthun.
Etter å ha budd i Oslo i 30 år, gjekk Hallgeir I fjor sommar til fots heim til Odda og Hardanger, ei reise lesarar fekk følge i avisa Dag og Tid. I Vinje-ånd havna Hallgeir inn på omvegar og ukjende spor, både geografisk, samfunnsmessig, i sine eigne ungdomsminne og si historie. Vandringa blei til boka «Heim», som kjem ut på Samlaget i år.

Kor og kva er eigentleg heim? Er vi prega av heimstaden vår for alltid, uansett kor langt vi drar ut? Er det annleis å komme frå Odda og Hardanger, enn det er å komme frå heilt andre plassar – som til dømes austlandet?

Inngang: kr. 100.