Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

OM ARRANGEMENTET

Filtrer








litthus

Poesiens dag: Kva er spesielt med norsk lyrikk?

torsdag 21. mars kl 19:30 , Sentralbadet Litteraturhus
Torsdag 21. mars er det verdas poesidag, og Litteraturhuset i Odda inviterer til Poesiprat med poetane Cecilie Løveid, Fredrik Hagen og Katrine Heiberg. Dei møtest til samtale med litteraturformidlar på Voss bibliotek, Theresa Wallevik.
Der ein stadig snakkar om kva som pregar norske romanar, er det sjeldan same offentlege samtale kring poesien. Kva kjenneteiknar den norske poesien i 2019, og dei siste tiåra? Kva for poetar og måtar å skrive på har vore mest dominerande her til lands, og kven har inspirert dei tre poetane i panelet? Kva for dikt skriv dei sjølv?

Cecilie Løveid er ein av landets mest kjende forfattarar, og har vore aktiv heilt sidan 70-talet. Fredrik Hagen er frå Odda, og har gitt ut tre diktsamlingar som har fått fine meldingar. Katrine Heiberg debuterte i haust med si første diktsamling, som har fått mykje ros i pressen.

Samtalen byrjar 19.30, og varer i omlag ein time. Det blir også opplesingar. Baren er open. Billettar kostar 100 kroner og kan kjøpast på Ticketco eller i døra.