Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

OM ARRANGEMENTET

Filtrer








babette2

Babettes gjestebud

lørdag 30. november kl 19:00 , Sentralbadet Litteraturhus
Babettes gjestebud er ein av dei store humoristiske og djuptgripande novellene av den danske forfattaren Karen Blixen (1885-1962). Den kom ut i samlinga Skjebneanekdoter i 1958.
Babette er flyktning frå Paris. Ho kjem til eit lite bygdesamfunn i Norge, og blir innlosjert hjå to vaksne ugifte og strengt pietistiske søstre. Her blir Babette kokk, og lærar å lage velling, kålrotstappe og potetklubb. Søstre formanar henne om at «mat er kun for å gi næring, ikkje for nytelsens skuld». Babette blir hos søstrene i 14 år. Men før ho kom til Norge var ho kjøkkensjef på ein av dei mest eksklusive restaurantane i Paris, noko søstrene ikkje veit.

Skodespelar Gro Ann Uthaug har tilrettelagt novella for scenen. Ho framfører stykket åleine og spelar heile 9 ulike roller i den timen forestillinga varer. Regi er ved Einar Dahl, og produksjon ved Tema Teater.

Bill. kr. 100,-
Billettar kan kjøpast på TicketCo.