Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Bokbåten Epos kjem til Nå.Bokbåten Epos er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Velkomen ombord! Program ca. klokka 09.00.

Kulturprogram våren 2019: Sofia og Eliana frå Klangvegen


Kom og møt venane Sofia frå Finland/Sverige og Eliane frå Italia, og bli med inn i ei spennande verd av lydar. Sofia og Eliana leikar med det verbale og det musikalske språket, det vert song og vi får høyre det finske nasjonalinstrumentet kantele. Dei utforskar musikken sine klangar, og ulike musikalske karakterar vert forsterka med dans og rørsle, og skapar på den måten indre bilete for barna. I programmet finn vi musikk som er heilt stille og musikk som har sterke kjensle. Nord møter sør, mørke møter ljos og venskap bærer Sofia og Eliana gjennom alle dei ulike kjenslene musikken skapar i dei.

Sofia og Eliana har studert musikk i Austerrike, Italia og Finland.  Dei opptrer i heile Europa og forsterkar gjerne musikken med dans, song og rørsle.

Programmet høver for barn frå 6 år2019-03-13 09:00NåFalseFalse