Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Boklansering: Mellom himmel og fjord. SJÅ!Boka "Mellom himmel og fjord. SJÅ!" er klar for lansering og vert presentert i Sentralbadet litteraturhus.Harding Puls har saman med SKALD forlag laga ei praktbok om alle kunstverka som vart skapt utandørs i Norheimsund, langs vegen til Mælen i Herand, på museumsområde på Utne og ned til brua på Bu i 2014 til 2016.

Det er fyrste gong det er laga bok som viser samtidskunst ute i det hardangerske landskapet, - dette landskapet som gjennom nasjonalromantikken vart eit ikon for den norske identiteten. 

I kunstprosjektet, med same tittel som boka, inviterte Harding Puls kunstnarar frå heile Norden til Hardanger. Inspirert av naturen og kulturen, men og av globale hendingar skapte dei sine kunstverk her
saman med kunstnarane i Hardanger.

Kvart kunstverk, i alt 55 stk, er presentert med to oppslag med
unntak av nokre få som har fått eitt oppslag. Den kjende fotografen
Oddleiv Apneseth står for dei fleste av fotografia.

I tillegg til alle dei flotte fotoa av kunstverka har kunsthistorikar
Synnøve Marie Vik skrive ein interessant artikkel der ho mellom anna dreg linjer til Hardanger som ikon i najonslromatikken. 

Kjell-Erik Ruud har skrive om eit verk som ikkje vart realisert.

Den entusiastiske journalisten i Hardanger Folkeblad, Mette Bleken,
har skrive frie assosiasjonar og tankar til kunstverka.

Presentasjon av boka og prosjektet ved Harding Puls.2017-11-25 15:00Sentralbadet LitteraturhusFalseFalse