Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137BRUCE SPRINGSTEEN - Tolket av Frode Grytten og Pedro Carmona-AlvarezVelkommen til ein stemningsfull kveld på Iris Scene.
Pedro Carmona-Alvarez og Frode Grytten har valt ut sine favorittsongar frå første del av Springsteens karriere (1973-1987).
Dei vil gi songane ei overhaling, ta dei tilbake, sjå over dei på ny, lakkere dei på ny, etter alle desse åra som songane har vore ute på vegen. Det blir stort, det blir intimt, det blir massivt og det blir sveitt.
Med seg har dei eit feitt band, ikkje frå Asbury Park eller frå E Street, men rett frå striten i Bergen.

Før han blei eit ikon. Før han blei ein folkefestgeneral. Før han rota seg vekk i det varme sommarregnet. Bruce Springsteen var ein ung heit gateflamme, ein artist som fanga si tid og sitt miljø. Ein suveren skildrar av småbylivet, ønsket om å komme seg vekk, ønsket om å v...ere del av noko større.

Få har skrive betre songar om folk som fell utanfor, folk som manglar pengar og jobb, folk som lengtar og elskar, folk som vil vel, men som ender opp med å skade kvarandre. Folk som strevar med å definere kva som er rett og kva som er galt. Folk som er heile, med både håp, lyst og destruksjon i seg.

Å høre ein god Springsteen-song er som å bli snakka direkte til, å lytte til ein samtale i eit rom, eller høre forteljingar ved eit leirbål, du får historier om livet, om kva som skjer mellom folk, om kva som skjer i folk. Springsteen sitt univers er amerikansk, men det liknar vårt eige, bilane, sjappene, drømmane, vonbrota og dei berrføtte jentene på panseret.

Pedro Carmona-Alvarez, song og gitar
Frode Grytten, røyst
Annlaug Børsheim, song, gitar, fele
Michael Barnes, saksofon
Einar Sogstad, piano
Rune Solberg, bass
Ivar Thormodsæter, trommer

BILLETT : 300/250,-
Fås på Iris Scene og Ticketco.
 2015-04-10 22:00Iris SceneFalseFalse