Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Bugsy Malone - Odda KinoSkare Ungdomslag syner musikalen Bugsy Malone med 40 aktørar i Odda Kino. Det blir skuleframsyning på dagtid kl. 10.45, og publikumsframsyning på kvelden kl. 18.00.

SUL fyller og 100 år i 2013, og markerar jubileet med ein storslått musikalframføring av Bugsy Malone! Premiereframsyning i Skare 9. mars med ekstraframsyning 10. mars. Så går turen til Odda Kino 15. mars med skuleframsyning på dagtid og publikumsframsyning på kveldstid. Velkommen til ein forrrykande gangster-musikal!

Leiar i Skare Ungdomslag; Ingrid Dale, har sendt oss følgjande resyme:

Kva handlar musikalen Bugsy Malone om:
Opphaveleg føregår handlinga i ein amerikansk storby på 1930 talet. Me har lagt handlinga til Odda.
Det er harde tider: fattigdom, arbeidsløyse men også kampvilje.

Fat Sam driv Bulo si kamuflert med inngang via ein bokhandel. Her held dei til med dansarar,musikk og andre forretninga i ein bar. Samlingsplass der dei fattige allierer seg.
Rikmannen Dandy Dan har skaffa seg nye skytevåpen. Han leigar ganstergjengen Hoods til å angripa Fat Sam og tilhengjarane hans. Fat Sam vert fortvila og sint når Hoods angrip Fat Sam Bulo. Fat Sam sin gjeng vert tatt av dage ein etter ein. Politiet prøver tafatt å etterforska, så Fat Sam tek skeia i si eiga hand.

Fat Sam betalar storsjarmøren Bugsy Malone for å hjelpa seg. Bugsy har m.a. kontaktar i boksarmiljøet og dei prøver å finna våpenlageret til Dandy Dan. Ein dag vert Bugsy slått ned og rana i ein bakgård. Då kjem ein stor, sterk men snill kar og reddar livet hans. Bugsy presenterer boksetalentet Lerøy Smith for boksetrenar Cagey Joe. Saman får denne trioen til og med uteliggjarane med på laget når dei skal kjempa mot Hoods.

Midt oppi dette forelskar Bugsy seg i songarinna Blousey. Ho er arbeidslaus, så Bugsy ordnar audition for henne på Lena Martelli-showet. Til sist prøvesyng ho i Fat Sam Bulo og der får ho jobb. Bugsy lovar Blousey billett til Hollywood. Mange forviklingar når han samstundes skal hjelpa Fat Sam. Talullah har tidlegare hatt ein flørt med Bugsy , no stikk ho kjeppar i hjula for Blousey og Bugsy.

Det heile endar med eit forferdeleg gjengoppgjerd med skytekamp i Fat Sam Bulo…..triste greier
Moralen kjem fram i avslutningssongen; når dei «vaknar» til live ….

«Gje litt kjærleik»
Me kunne blitt alt det me har ønska å bli og det er aldri for seint
For me vil gjerne slutta i fred, skal me ikkje leggja våpen ned
Det er den lærdom me tok, eg trur me er sterkare samen
Eit venskap er eit sikkert stikk
For om me prøver og øver og øver
Kan alle sjå me er ein fin gjeng!
Kva er det me har lært? Kven av oss kan vita kva ein bestevenn er verdt?
Fin gjeng!
Gje ei open hand,me kan alle saman knyta nye venskapsband

Gje litt kjærleik ,for du får så mykje igjen, kjenna varmen ifrå ein som er din venn

 

sul bugsy

2013-03-15 18:00Odda KinoFalseTrue