Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137FAGDAG FOR FRIVILLIGHETKorleis tek me vare på det gode som er, og korleis kan me saman utvikla frivilligheita i regionen vår? Korleis ser framtidas behovsbilete ut, og korleis møter me det?Frivillige, lag og organisasjonar, ordførarar, rådmenn, tilsette i kommunane, politikarar, styrer og tilsette i frivilligsentralane er HJARTELEG VELKOMNE TIL FAGDAG med fokus på samspel på tvers av sektorar og kommunegrenser.

Odd Einar Dørum tek oss inn i dagens tema før lokale, samfunnsengasjerte innleiarar delar sine tankar og idear. Kristin Kaldestad Urrang frå det nasjonale dugnadsprosjektet mot utanforskap og fattigdom «Alle med» deltek i tillegg til representantar frå Kommunenes Sentralforbund (KS)og Norges Frivilligsentraler.

Innleiarar: 
Odd Einar Dørum, Politikar og tidlegare statsråd
Roald Aga Haug, Ordførar i Odda
Jostein Eitreim, Dagleg leiar i Hardangerrådet
Olav Magnus Hammer, Styreleiar i Jondal Frivilligenstral
Arild McClellan Steine, Prosjektleiar Voss herad
Joakim Sørå, Eldsjel
Christian Hellevang, Rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund
Kristin K. Urrang, Prosjektkoordinator i "Alle med"
Gunnar Skeie, Dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger
Gijs Mans, Organisasjonssekretær Norges Frivilligsentraler

Påmelding innan 1. mars via google-skjema eller til hege.boerve@ulvik.kommune.no telefon 4000 7120

Klikk her for å melde på: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfNQiDhbjp7IjCuNREu0rTPBJtqn3MRndbxbxo8JuwErnCyEQ/viewform

Fagdagen er GRATIS, finansiert gjennom tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger

Om arrangøren: 
Frivilligsentralane i Hardanger og Voss arbeider for å styrka frivillig arbeid i lokalmiljøa dei virkar i, fremja samarbeid og leggja til rette for vekst og samhandling. Nettverket består av frivilligsentralene i Odda, Ullensvang, Ulvik, Jondal, Voss og Kvam.2018-03-08 09:30Odda kinoFalseFalse