Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137FOLKEMØTETema: Kommunesamanslåing og Røldal si kommunale framtidDet vert folkemøte tysdag 26. april kl. 18.00 i kommunestyresalen i rådhuset kl. 18.00, og i Røldal grendahus torsdag 28. april kl. 18.00.

Kommunestyret i Odda har bestemt at det den 23. mai skal det vera rådgjevande folkerøysting med krinsvis opptelling i heile kommunen om:

Ja eller Nei til samanslåing av Odda, Ullensvang og Jondal etter intensjonsavtalen.
 

Intensjonsavtalen med Ullensvang og Jondal er lagt ut på biblioteket i Odda og i Røldal og den ligg og på kommunen si heimeside.
 

Kommunestyret har og bestemt at det den 23. mai og skal vera rådgjevande folkerøysting i heile kommunen med krinsvis opptelling i spørsmålet om Røldal framleis skal vera ein del av Odda eller om Røldal skal gå til Suldal.
 

På folkemøta vil det bli gitt informasjon om innhaldet i kommunereforma og intensjonsavtalen, og det vil bli avsett tid til spørsmål direkte til styringsgruppa for kommunereformprosessen.
 

Styringsgruppa er ordførar, varordførar og gruppeleiarane for partia som er representert i kommunestyret.
 

Manntalet er lagt ut på Tenestetorget (biblioteket) i rådhuset og på Coop i Røldal.
 

Merk: Alle som budde i kommunen 01.01.2016 og som fyller 16 år eller meir i 2016 har røysterett.
 
På valdagen vert det høve til å røysta i Røldal, Skare, Odda og Tyssedal.

Det vert førehandsrøysting på biblioteka i Odda og Røldal.

Røystestader og røystestider vil bli særskilt annonsert i pressa og lagt ut på Odda kommunen sin heimeside.
 
Vel møtt!


Roald Aga Haug

Ordførar / leiar i styringsgruppa for kommunereforma

2016-04-26 18:00Kommunestyresalen, OddaFalseFalse2016-04-28 18:00Røldal Grendahus