Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Foto-Knud på SmelteverketVelkomen til opning av friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» Torsdag 21.mai er det 100 år sidan fotografen og fruktdyrkaren Knud Knudsen døydde.

Knud Knudsen reiste over heile Norge og tok bilde. Dei fyrste fotografia frå Odda tok han tidleg i 1860-åra. Arkivet etter han tel mange tusen fotografi og er med på  UNESCO-lista over Norges dokumentarv.

I den samanheng vil Odda kommune og NVIM i samarbeid ha fleire markeringar og den fyrste skjer 21.mai kl. 14.00 med opning av friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» som er ei kunstfotoløype med fotografi på vegg og frukttre-lundar.

Opninga skjer ved Fotopunkt 1 som er på Omlastingsstasjonen på Nylandsflaten mot Røldalsveien.

Utstillinga med etablering av foto og informasjonstavler, samt etablering av frukttre og møtepunkt har fått kr 300000 i tilskot frå Norsk Kulturråd og kr 300000 frå Fylkesmannen i Hordaland.


Bakgrunn og historikk:

I samband med byutviklingsprosjekt knytt til Smelteverkstomta i Odda og

oppfølging av "Mulighetsstudiet" i regi av Riksantikvaren, avslutta i juni

2014, ønsker Odda kommune i samarbeid med SNU(Smelteverkstomta

næringsutvikling) og NVIM å laga ein permanent utandørs fotoutstilling

av Knud Knudsen-foto inne på Smelteverkstomta. Ein skal etablera punkt

med kunstfoto i megastørrelse montert på betongvegger på freda bygg.

I samband med fotokunst-punkta skal vi også etablera frukt-lundar med

epletre og benkar. Denne søknaden dreier seg i hovudsak om produksjon

og montering av foto.

Bergensfotografen Knud Knudsen var frå Odda

og fotograferte her frå 1863.Han vart både ein landskjent fotograf og ein

føregangsmann innan fruktdyrking

Føremålet har både ei kunstnarleg målsetjing som består i å formidla

fotokunst av høg kvalitet og med stor kulturverdi av ein av våre beste

fotografar i sin periode og ein klar byutviklings-målsetjing.

Ut frå den posisjonen fotografen Knud Knudsen har nasjonalt og

internasjonalt, er det grunn til å hylla personen ved ei hundreårsmarkering

for hans død. Fotosamlinga etter han er i aktiv bruk og har ein svært høg

verdi for oss. Og legatet han oppretta for utdeling til fruktdyrkingens fremme

i Sørfjorden, er framleis aktivt. Både fotosamling og fruktdyrking er sentral

kulturarv i vår region.

I tillegg ynskjer vi å utvikla Smelteverkstomta og bruka dei freda bygga som

i utgangspunketet er "vanskelige" men svært synlege både for fastbuande

og tilreisande. Ved å lage desse kunstfoto-punkta med Knud Knudsn sine

karakteristiske og dels nasjonal-romatiske motiv frå Hardanger i sterk

kontrast til den brutale arkitekturen på Smelteverket, vil det kunne gje både

kunstoppleving og kulturformidling på ein oppsiktsvekkande måte.2015-05-21 14:00Omlastingsstasjonen på Nylandsflaten mot RøldalsveienFalseFalse