Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Hardanger Musikkfest 2017Hardanger Musikkfest er ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. I pinsen kvart år er det konsertar i alle dei tre hardangerkommunane Ullensvang herad, Odda og Eidfjord kommune. Tema for festivalen i 2017 er NYBROTTny|brot n1; el ny|brott n1

1 det å dyrke opp eit jordstykke for første gong, nydyrking
setje i gang med nybrot

2 det å gjere arbeid, undersøkingar (på nytt forskingsfelt) som gjev nye resultat
Nybrott kan vera det å tenkja nytt, bana veg og gjera jorda klar for det nye som skal koma. Dette har komponistar gjort til alle tider, og me ynskjer å sjå og fokusera på dei som har våga å gjera det viktige nybrottsarbeidet. J. S. Bach var nytenkjande i si tid, i likskap med Béla Bartók, Igor Stravinsky og, for å ikkje snakka om vår eigen, Arne Nordheim. Edvard Grieg var nyskapande i måten han behandla den norske folkemusikken på, og gav den ein kunstmusikalsk kontekst. 
Kvifor treng me nybrottsarbeidet for å koma vidare? Er det fordi kunst treng spenningsfeltet mellom nytt og framand, og kjent og kjært?
 
Arr. i Sentralbadet litteraturhus, Odda, under Hardanger Musikkfest: 

Fredag 2. juni kl. 08.00  

Morgontonar med frukost på Sentralbadet Litteraturhus, 
Start dagen med klassisk kveik! Musikarar frå Ensemble Allegria spelar kammermusikk som opnar hjarte og sinn! Frukost er inkludert i billetten.
 
Laurdag 3. juni kl. 12.00   
Nordisk lyrikk
BENGT FORSBERG // RUTH LILLEGRAVEN // BIRGITTE CHRISTENSEN
Birgitte Christensen, Bengt Forsberg og Ruth Lillegraven presenterer ein time med nordiske romansar og poesi; frå Jean Sibelius og Ture Rangström til norsk moderne lyrikk.

Laurdag 3. juni kl. 14.00
Feleforteljingar
SIGBJØRN APELAND // SIGRID MOLDESTAD
Sigrid Moldestad og Sigbjørn Apeland presenterer dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Historiene handlar om livfulle damer som ikkje let seg stoppa og som let musikken få plass i ein kvardag som var prega av arbeid og plikter, naud og fattigdom.
 
 
Les meir og kjøp billettar på www.hardangermusikkfest.no 

Foto av Sigrid Moldestad tatt av Magnus Skrede2017-05-31 14:45Ullensvang herad, Odda og Eidfjord kommuneFalseFalse