Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Heil vedEin samtale om ved og verdiar.Responsen på Hel ved av Lars Mytting har vore eventyrlig. Boka kom i august 2011, og etter ein stille start med eit førsteopplag på 4000, auka salet jamt, før det sette full fart i november same år. Hel ved er no trykt i 152 000 eksemplar, og omsett til svensk, finsk, dansk og engelsk. I Sverige har den selt over 50 000 eksemplar.

I utgangspunktet er Hel ved ei bok som prøver å sette ord på kva ved er, og kva det betyr for nordmenn. Responsen vitnar om at dette rører ved noko grunnleggjande i oss. For i tillegg til å vere ei nyttig bruksbok og ei lesvennlig forteljing om nordmenns forhold til ved, handlar ved om norske verdiar. Den som er « heil ved» blir gjerne forstått som eit autentisk, jordnært menneske, ein person vi kan stole på. Viser den doble tydinga i tittelen til ein typisk norsk verdi ved det å vere menneske? Korleis kan vi då forstå bokas internasjonale suksess?

Møt forfattaren sjølv, Lars Mytting, i samtale med Agnes Ravatn!

Billett kr. 50,- http://dx.no/ebillett/showkul.php?p_id=129  
www.littertursymposiet.no2013-10-10 17:00Iris sceneFalseFalse