PROGRAMOVERSIKT

Jubileumskveld i Røldal

onsdag 17. april kl 16:00 - 00:00, Røldal skule

Røldal skule og Røldal barnehage inviterer til ei tilstelning i høve Odda kommune sitt 100 års jubileum.

Hovudfokuset blir på året 1963, då Røldal vart slått saman med Odda.

Det vil blant anna bli songar frå 1963, film av og med barnehageborn som er tidsriktig kledd og leikar med leiker frå den tida. Skulekorpset vil spela Beatles-låtar, og det vil også bli ei veggavis til anledninga.

For meir informasjon følg med på skulens nettsider; www.roldal.skule.odda.no.

Velkomen!