Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137JulejazzHardanger Big Band og Tyssedalkoret i flott førjulssamarbeid.HBB og Tyssedalkoret inviterer til hver sin egen sekvens under konserten, i tillegg til fellesnummer.

Hardanger Big Band vart starta av musikalsk leiar Arild B. Nielsen i Jondal i 1987. Han har sidan starten leia og utvikla bandet, som i hovudsak har medlemmer frå Jondal og Kvam. Bandet har samarbeidd med mange norske jazzmusikarar (til dømes Simon Flem Devold, Frank Brodahl, Jens Wendelboe, Erik Smith, Bendik Hofseth). Hardanger Big Band har spelt på mange ulike arrangement opp gjennom åra, som til dømes Kongsberg Jazzfestival, Ålesund storbandfestival, Hardingtonar, utescena i Legoland (DK), Berlin Big Band Award (D), Romerike storbandfestival og Vossajazz.
Dei siste åra har HBB hatt fleire konsertar saman med jazzgitaristen Gisle Torvik. Dette inspirerte Torvik til å arrangera musikken sin spesielt for HBB, og resulterte i innspelinga "Kryssande", som vart lansert i fjor haust - til stor åtgaum.

HBB er stadig på jakt etter nye samarbeidspartar, som gjev oss nye musikalske utfordringar og inspirasjon til vidare utvikling.2015-11-22 18:00Odda kyrkjeFalseFalse