Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Kjønnsroller: Kraftmuseet markerer KvinnedagenKjønnsroller er eit evig tema, seinast aktualisert i den nye Stoltenbergrapporten om samanhengen mellom kjønn og skuleprestasjonar. Kva er historisk og kva er nytt? Kva er natur og kva er kultur? Gro om Gro: Gro T. Kollbotn, om Gro Holm, hennar liv og blikk på kvinner si rolle i brytingstida frå bondesamfunn til industri.

Salongprat om kjønnsroller i dagens samfunn. Gjester er Hedvig Moe, Joakim Sørå og Renate Espe Aase. Gutane heng etter i skulen og kvinnene i arbeidslivet. Korleis heng dette saman, kva kan grunnane vera og kva kan gjerast?
Hedvig har ei imponerande liste tøffe jobbar på CVen og er på lista over Noregs mektigaste kvinner i 2018. Joakim og Renate arbeider tett på gutar og jenter i skuleverket. Me høyrer deira ulike erfaringar frå, og tankar om, samfunn, skule og arbeidsliv.
Salongvert er Signe Bondhus-Jensen.
Billetter kjøpes på Ticketo.

Litteraturhuset har spanande barkart.

Konsert med Stein Torleif Bjella på Iris Scene etter arrangementet er ferdig.

 2019-03-08 19:30Sentralbadet LitteraturhusFalseFalse