Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Klatrekveld i TyssohallenBarnas Turlag Odda/Ullensvang inviterer til klatrekveld i Tyssedal.
Dette blir ein alternativ kveldsmat"tur". Barnas Turlag og Hardanger fjellklyvarlag arrangerer klatring på Reinsnos søndag 12. mai, og trur det er ein fordel at barna får prøve å klatre innandørs (minst) ein gong før uteklatringa.

Det er sjølvsagt mogleg å vere med på denne klatrekvelden sjølv om ein ikkje skal vere med på Reinsnos.

Ta gjerne med niste dersom de ynskjer å ta kveldsmaten i hallen innimellom klatreøktene.

Hardanger fjellklyvarlag har barneklatring i Tysso-hallen kvar mandag frå kl. 18-20, så det er fullt mogleg å ta turen andre gonger også.

Klatrelaget stiller med utstyr og folk med klatreerfaring til å sikre.

Prisar:
Barn:
kr. 30,-

Vaksne:
kr. 40,-

Barnas Turlag er DNT sitt tilbod til barn og barnefamiliar. Her kan de treffe andre barnefamiliar, og barna kan glede seg over å treffe andre barn på tur. Barn frå 0 til 12 år kan vere med i Barnas Turlag.

Kveldsmatturar er eit nytt tilbod i Barnas Turlag Odda/Ullensvang frå våren 2013. Vi arrangerer kveldsmatturar andre onsdag i kvar månad.

Dette er korte ettermiddagsturar der poenget er å ete middag eller kveldsmat ute på tur.
Følg med på Facebook for informasjon om kor desse turane går.

Kontaktpersonar:
Ingebjørg E. Nondal: tlf. 450 20 755
Nina Førde: tlf. 916 81 3232013-04-15 17:30TyssohallenFalseFalse