Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137KONSERT: Bjørn Berge!Bjørn Berge kjem endeleg attende til Tyssedal - med "Mad Fingers Ball"
Ein kan trygt seie at han er Noregs leiande bluesartist, sjølv om "blues" ikkje er i nærleiken av å dekka musikken til Berge. Vi snakkar om ein rå gitarbasert rock, med røter i mange genre. Han har vakt stor oppsikt med tolkingar av tradisjonell akustisk deltablues, har vunnet Spellemannsprisen 2 gongar, og vart sist nominert i fjor - med "Mad Fingers Ball". Alle platene frå 2000-talet har vert på VG-lista.

Berge var den første som hadde konsert i kraftstasjonen etter bygget vart freda av Riksantikvaren i 2000. Konserten heitte "Blå tonar mellom blå turbinar på ein blå scene" - og då lova museet å invitera han attende når bygget var ferdig restaurert. Mange tykkjer at det er den beste konserten som har vert i stasjonen nokonsinne, og NVIM er så glad for å få han inn i programmet vår for jubileumsåret vårt.

Foto: Morten Strøm

Konsertstart kl. 20.00 (dørene opnar 19.00)

Pris: 220,- /Medl av museumslaget og blueslaget: 170,-

Blueslaget står for servering.

Billettar på tenestetorget, eBillett på fanen over eller i døra.

Velkommen!
 2014-05-02 19:00Tyssedal KraftstasjonFalseFalse