Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Konsert: Jo Asgeir Lie og Kristoffer KleivelandFredag 29. mars kl 19.30 vert det konsert med Jo Asgeir Lie og Kristoffer Kleiveland, to utøvarar som verkeleg har utfordra og utvida måten dei brukar instrumenta sine på.Med ein sterk folkemusikalsk bagasje, vil dei saman ta oss med på ei rundreise i folkemusikken for durspel og trekkspel. Det vert ein konsert som femner breitt i sjanger og uttrykk, og latteren sitt laust hjå dei begge medan dei fortel skrøner og røverviser frå gamledager.

Jo Asgeir Lie kjem frå Voss, og er rektor ved Ole Bull Akademiet. Han er også ein allsidig musikar og komponist. Han er i dag ein av dei mest markante utøvarane på trekkspel i Noreg, både som utøvar, formidlar og pedagog.

Kristoffer Kleiveland kjem frå Osterøy og spelar durspel. Han vert rekna som ein av dei beste utøvarane på durspel i dag, og er aktiv som både pedagog, formidlar og utøvar.

Billettar: 250,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 225,-

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.2019-04-29 19:30Hardanger FolkemuseumFalseFalse