Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137KONSERT: Med tonar frå ein StradivariusNVIM inviterer til konsert i Tysso 1
Endeleg ein klassisk konsert i kraftstasjonens katedralske klang. Ragin Wenk-Wolff, er ein norsk fiolinist busett i USA.

Den offisielle debutten hennar i Aulaen i Oslo som 17-åring skapte sensasjonar. I kariera har ho bak seg tallause TV- og radioframføringar, og CD-innspelingar av fiolinkonsertar komponert for ho. Framføringar med orkester som Royal Philharmonic i London og konsertar i heile verda, har gjort ho til ei stor internasjonal stjerna.

Den 17. oktober har ho premiere på hennar multi-mediale konsert i operasalen på Kilden i Kristiansand, og i kveld er vi så heldige å få høyra og sjå ein "Sneek-peek" på oppsettinga. Ho synar video og fortel om sin multi-dimensjonale oppleving av musikken, med fargar..., formar, bilete mm.

Ho spelar på ein ekte Stradivarius fr�� 1689.
På klaver har ho med seg Vebjørn Anvik - og på programmet finn vi verk av m.a Grieg, Chopin, Gershwin, Geirr Teitt og Rolf Løvland. Det visuelle spelar ein stor rolle, og det vert spanande og sjå korleis det vil fungera på lerret i kraftstasjonen.

Sjå ein pilotvideo her:



og sjå nettsida hennar: http://raginww.com/


Billettar kan tingast på på post@nvim.no eller tlf 53 65 00 50 .
Samarbeid med Musikkens Venner, Odda.

Gå ikkje glipp av før-premiæren på "Ragin - a la mode"
 2014-10-14 19:00Tysso 1, TyssedalFalseFalse