Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Kraft, smak og lyd av Hardanger! Denne helga reiser ein delegasjon frå Odda og resten av Hardangerkommunane til Oslo for å setja regionen på kartet. Hardanger markerer at det er 200 år sidan Noreg fekk si Grunnlov, og at Hardanger stod sentral i utforminga av nasjonal identitet. Hardanger er ein region med mykje kultur og vitalitet, og tar turen til hovudstaden for å visa seg fram. Odda og Hardanger ynskjer å få fleire tilflyttarar, og Flytt til Hardanger arrangerer ei dags- og kveldsmesse der alle hardingar i alderen 25-45 år som bur i og rundt Oslo er invitert. Messa skal vera ei oppleving av kva Hardanger har å by på. Prosjektet vil invitera næringslivet, kunstnarane/Harding Puls og lokalmatprodusentar i Hardanger til å vera utstillarar på messa, og det er ein gylden moglegheit til å presentera seg sjølv og visa kva regionen har å by på. Dette vert ein dag der Oslo skal få oppleva mat og kultur frå Hardanger, samt sjå kva jobbmoglegheiter og kva kvaliteter Hardanger har som buplass. Flytt til Hardanger vil ha med bedrifter, lokalmatprodusentar, kommunar og kunstnarar som skal visa fram mangfaldet i Hardanger gjennom presentasjon av jobbmoglegheiter, kultur- og fritidstilbod.

I frå Odda reiser NLI, Næringshagen/SMB Odda samt Odda kommune representert ved delar av formannskapet, ordførar John Opdal, Else Marie Sandal, Gro Bakketun og Ingrid Jordal. Sistnevnde med sitt spanande Epleprosjekt :)

God lokalmat blir som sagt servert; les meir om blant anna lefser, spekekjøtt og sider til Oslofolket.

Seinare på kvelden blir det festforestilling. Framsyninga «Hardanger i hundre» startar kl 19.00 og varer til kl. 22.00. Kvelden er ein hyllest til Hardanger av hardingar - eit kulturelt postkort med det beste frå alle Hardanger-kommunane.

Difor oppfordrar vi alle tidligare, eksisterande og framtidige oddingar og hardingar til Oslo Konserthus denne lørdagen.

Hjarteleg velkomne!

Meir informasjon om jubileumsåret Hardanger 2014 finn du her: http://hardanger2014.no/

 2014-03-22 12:00Oslo KonserthusFalseFalse