Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137KveldsmatturBarnas Turlag inviterer til sin månadlige kveldsmattur - denne gong går turen gjennom skogen frå Eidesåsen til Rødna.Vi møtes der stien startar i Eidesåsen (køyr/gå rett fram forbi Eidesåsen barnehage, og følg vegen til ende opp til eldhus og akebakke). Det er 1 km å gå gjennom skogen. Dei som ynskjer kan gå tilbake samme veg, men vi er også behjelpelege med bilhenting i Eidesåsen for dei som syns det er langt nok å gå ein veg.

Pakk kveldsmaten i sekken og bli med på tur i "Rødnaskogen"!

NB: Dette er ein tysdag.


Barnas Turlag er DNT sitt tilbod til barn og barnefamiliar. Her kan de treffe andre barnefamiliar, og barna kan glede seg over å treffe andre barn på tur. Barn frå 0 til 12 år kan vere med i Barnas Turlag.

Kveldsmatturar er eit nytt tilbod i Barnas Turlag Odda/Ullensvang frå våren 2013. Vi arrangerer kveldsmatturar andre onsdag i kvar månad.

Dette er korte ettermiddagsturar der poenget er å ete middag eller kveldsmat ute på tur.
Følg med på Facebook for informasjon om kor desse turane går.

Kontaktpersonar:
Ingebjørg E. Nondal: tlf. 450 20 755
Nina Førde: tlf. 916 81 323
2013-06-11 17:00EidesåsenFalseFalse