Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Litteraturkveld med Jon Hjørnevik og Dagfinn IversenArrangør: Dalen lyrikk i samarbeid med Iris Scene.Foto: Rolf Sejerstad

«Flukta frå rekkehuset» - Lodne dikt i verdensklasse

Nei og nei og atter nei.

Poeten og humoristen Jon Hjørnevik er nok ein gong ute for å lesa frå dei rare diktsamlingane sine: I ein sofa frå Kora, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset og Flukta frå rekkehuset.

Med seg har han dessverre Dagfinn Iversen på gitar, som støttar opp om Hjørneviks hårreisande dikt og grumsete song . Det vert eit brutalt møte den gode husmor, den grufulle husmor, sår erotikk, oppvekst, utvekst, nesten-kjærleik bygde- og rekkehustragediar. Og mykje meir. Høyr heilt ukjende klassikarar som «Pelsdyrkonsulent på friarfot» og «Fadder i Botswana».

Her er mykje å kvi seg til. Også denne gongen går honoraret til å dekka Dagfinn Iversen si ubetalte husleige.
Velkommen til ein slags song, lyriske grynt og ekte heimekos.

Åtvaring:
Showet inneheld dialekt og nynorsk.

Foto:

Billetter: Kr 250,-/200,-.2013-09-27 20:00Iris SceneFalseFalse