Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Møt Vigdis Hjorth Bokhausten 2016 handla i stor grad om Vigdis Hjorth og hennar siste roman Arv og miljø.Romanen dreiar kring eit klassisk arveoppgjer, der to sommarhytter på Hvaler står sentralt. To døtrer skal arva hyttene. Ei dotter og ein son har delvis brote med familien, men melder seg på i arvetvisten. Historia som vert avslørt set valdsame krefter i sving i familien og er tidvis rystande lesing.
Vi har invitert Vigdis Hjorth til Sentralbadet litteraturhus i Odda for ein prat om boka og om forfattarskapen forøvrig, i samtale med Gro T. Kollbotn. 

Om forfattaren: 
Vigdis Hjorth vart fødd i 1959 i Oslo. Ho er cand.mag med faga idéhistorie, statsvitskap og litteraturvitskap. 
Hjorth debuterte som barnebokforfattar i 1987 og har sidan utvikla eit stort forfattarskap både for born og vaksne. Ho fekk Norsk kulturråds debutantpris for den første boka si, Pelle Ragnar i den gule gården og har sidan fått ei rekkje prisar: kritikarprisen, Cappelenprisen, Brages hedersspris, Gyldendalprisen for forfattarskapen sin og i 2017 fekk ho Kritikarprisen for Arv og miljø, beste skjønnlitterære utgjeving.  
.
Gjennombrotet hennar som forfattar for vaksne kom med romanen Drama med Hilde (1987). Sommaren 2006 kåra Dagbladets lesere Om bare (2001) til ein av dei viktigaste romanane frå dei siste 25 åra.
Hjorth skriv eksistensielle bøker om menneska sine vilkår og livsval. Ho har eit skarpt blikk for aktuelle tema i samtida. Med Hjulskift (2007), Snakk til meg (2010), Tredve dager i Sandefjord (2011), Leve posthornet! (2012) og Et norsk hus (2014) har ho markert seg sterkt som ein uredd politisk forfattar.

Hennar foreløpig siste roman, Arv og miljø, kom ut hausten 2016 til strålande kritikk, og sparka i gang ein ny debatt om virkelighetslitteratur som raste i spaltene. 

Dørene åpner kl. 18.00 - Åpen bar og kafé.

Velkommen!2017-04-19 19:00Sentralbadet LitteraturhusFalseFalse