Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137MOT som unversalverktøy 24/7Korleis du kan medverke til eit varmare og tryggare samfunn – for leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, foreldre, interesserte vaksne og tilsette i kommunen som arbeider med barn og unge?Jondal kommune er ein MOT-kommune og no deltek me òg i MOT sitt tilleggsprogram «Skolen som samfunnsbygger». Der ynskjer me å få med foreldre, tilsette som jobbar med ungdom, frivillige lag og foreiningar og andre interesserte vaksne som er i kontakt med barn og ungdom til å bygge opp lokalsamfunnet til beste for barn og unge i kommunen. Som vaksen kan du vera med å forsterka positive forsvarsfaktorar for barn og unge. MOT brenn for å forsterke sitt arbeid ved å forsterke vaksne si felles forståing for viktigheten av å skapa ein kultur der alle er inkludert. Denne dagen vil me setje fokus på desse tre faktorane i møte med barn og unge: 1. Bakgrunnsforståing 2. Skapa godkjensla 3. Tøff kjærleik Føredragshaldar Stein Bratseth har 35 års fartstid frå politiet, der han dei siste 23 år hadde hovudfokus på politiet si førebygging retta mot barn og ungdom. Han har jobba med og undervist i førebyggande arbeid både i Sør Trøndelag politidistrikt, på Politihøgskolen og i Politidirektoratet. Han har helde svært mange føredrag som både har vore retta mot ungdom, og mot foreldregruppa. Bratseth har heile tida levd etter at «ingen er berre det du ser». Ut frå sitt erfaringsgrunnlag ynskjer han å vera med å inspirera lokalsamfunn til felles forståing og fellesforstått ansvar for alle barn og unge. I 2015 vart han heidra som ein Norsk kvardagshelt gjennom programmet "Norske helter". Stein har eit unikt spekter av personlege og profesjonelle erfaringar å spela på i si rolla som føredragshaldar, gjennom mange års arbeid for eit tryggare og varmare samfunn. Me anbefaler sterkt alle som har moglegheit, til å delta. Noter datoen i kalendaren! Velkommen til eit lærerikt føredrag om korleis du kan bidra til eit varmare og tryggare samfunn! Med helsing Sarah Marie Røstbø Rektor Jondal skule2018-03-15 19:00Jondal skule, GymsalenTrueFalse