Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Oddakvinner - med hud og hårNorsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Smelt Café og Sentralbadet Litteraturhus inviterer til ei uformell samling for å presentera "nye" og "gamle" Oddakvinner som alle har satsa litt ekstra i yrkesliv, politikk eller organisasjonsarbeid. Bakgrunnen er bannerutstillinga "Kvinnestemmer frå Odda" som vart laga i fjor, der 8 kvinner er valde for å representera kvinner som var spesielt aktive, og hadde stor tru på resultat gjennom eigen innsats og samarbeid. 

Det er ei trend at kvinner i Odda satsar på næringsliv, og vi ynskjer å bli litt betre kjend med desse damene som satsar tid og pengar på å gjere Odda til ein meir spanande handelsby. 

Alle kvinner og menn er velkomne til Sentralbadet Litteraturhus laurdag 8. mars.

Du får eit glas med valfri drykk og litt ostesnacks på inngangsbilletten. 
Billettpris kr. 100 

Program:
- Utdrag frå artiklane om "kvinnestemmer", av og med fagkonsulent Brita Jordal ved NVIM i prat med Gro T. Kollbotn
- Musikalsk innslag v/ Hannah Holsen og Siri Elton frå Oddakonsertane
- Salongprat med Hilde Viskjer, Elise Haga Lindvik, Eldbjørg Skare Thygesen, Bjørg Paulsen og Reidun Thorsen.

Dørene opnar 19.00

Etter programmet held vi ope til 22.00 - då er det konsert med Marie Kristin Dale Trio på Iris Scene, med KUN menn bak baren!2014-03-08 19:00Sentralbadet LitteraturhusFalseFalse