Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Open dag i OddasmioPå laurdag inviterer Odda Smedforening og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum alle til open dag i Odda-smio på smelteverkstomta. Dette er ein del av programmet under den store jubileumshelga til Odda kommune.I den gamle industrismia i Odda blir det demonstrert smiing av medlemar av Odda Smedforening. Alle kan få prøvesmi og melde seg på smedkurs for både nybegynnarar og vidarekomne.
Her blir det ustilling av smijernsprodukt (m.a. jernroser) og sal av håndverk og bøker om Odda si historie. I tillegg blir det vist film frå den internasjonale smedfestivalen i Odda i 2011, og det blir informert om Odda Smedforening og planane om å få etablert ei landslinje i smedfaget i Odda frå hausten 2014. Det blir og fortald litt om noen av dei gamle smedane i Odda  og samla inn fleire opplysningar frå publikum om smedar i Odda og fine ting som er laga i smijern i distriktet. Og alle får vite kven ”Himmelsmeden” i Odda var, eit tilnamn dei fleste kjende for nesten hundre år sidan. Det blir oppvarming i smia alt fredag morgon, då over femti skuleelevar frå nabokommunen Ullensvang skal vere gjester i Odda-smio før det store karnevalet startar.



Foto: NVIM2013-06-08 11:00Oddasmio, SmelteverkstomtaFalseFalse