PROGRAMOVERSIKT

Arbeidshanske

Smelteverket rundt på 100 minutter

fredag 11. oktober kl 16:00 - 12:49, Oppmøte ved Vitensenteret

Bli med på ei unik vandring med to kjemper frå Odda: fabrikkdiktar og Oddas heimkomne son, sosiolog og tidligare smelteverksarbeidar Lars Ove Seljestad og den legendariske fagforeiningsleiaren og RV-politikaren Terje Kollbotn. Saman tar dei oss med inn i ruinane av det mytiske Smelteverket.

«Mine kjensler er i Fabrikken støypt. Av stein og eld er mine kjensler smidd», skriv Seljestad i den siste boka, det episke Langdiktet Storspring: Fabrikkdikt.
 
Fredag klokka 16.00, Odda vitensenter (start)

Gratis