Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137Tur til Lilletopp med tunnelvandringBarnas Turlag arrangerer tur til Lilletopp med tunnelvandring og guide frå NVIM Vi tar turen til toppen av røyrgata i Tyssedal. Det var her dei gamle vasstunnellane enda, før 50.000 liter vatn i sekundet fossa gjennom røyra til den gamle kraftstasjonen. På Lilletopp får vi ei omvising i "rallaren sitt rike". Alle som har lyst får prøve seg med minebor og meisel, på rallarvis. På Oksla, eit par minutt frå Lilletopp, er det fantastisk utsikt over Sørfjorden og Folgefonna.

Det blir natursti på veg opp. Stien oppover er godt tilrettelagt med trinn, rekkverk og trapper. Vi reknar med at små føter vil trenge omlag ein time opp.

Ta med mat og drikke, sitteunderlag og klede etter forholda.

Påmelding til Ingebjørg E. Nondal på tlf. 45 02 07 55 innan fredag 7. juni.

Se og meir info på Facebook.2013-06-09 11:00NVIM, TyssedalFalseFalse