Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane
1272114137UTSTILLING - Oddakomitéen for FNs internasjonale kvinneårDet er 40 år sidan FNs internasjonale kvinneår og i Odda var det stor aktivitet, både i 1975 og i åra etterpå.Brita Jordal ved NVIM har i den forbindelse laga ei utstilling om dette arbeidet. Dette også fordi Dordei Raaen var svært sentral og aktiv i det lokale arbeidet, og det er stor grunn til å framheva både ho og komiteen i samband med utdelinga av Kongens fortenstmedalje i sølv til Dordei Raaen fredag 15.05.15.


ODDA-KOMITÉEN FOR FNs INTERNASJONALE KVINNEÅR 1975


Svært mange kvinner var aktive i den lokale komitéen og i aktivitetane gjennom året. Biblioteksjef Dordei Raaen var ei av dei. I høve tildelinga av Kongens fortjenstmedalje i sølv til Dordei Nesheim Raaen, er det ein ekstra grunn til å framheva arbeidet som blei utført. Dordei var nestleiar og representerte kontinuiteten i komitéen som vidareførte arbeidet sitt fram til 1978. Odda bibliotek utgjorde ein stor ressurs i arbeidet. Her var bøker, møteplass, utstillingslokale og engasjerte medarbeidarar.

Formannannskapet tok initiativ til at kvinneårskomitéen blei oppretta i februar 1975, og politikar og formannskapsmedlem Valborg Engesæter (1918 – 2014) tok ansvar for å vera kontakt mellom komitéen og Odda kommune. 64 lag og organisasjonar fekk innkalling og heile 62 møtte på skipingsmøtet ("valgmøtet"), - ein imponerande frammøteprosent . Det viste at kvinnene i Odda kommune var entusiastiske og klare for innsats i kvinneåret.

Alle i komitéen arbeidde på gratis og frivillig basis. Berre 5 100,- kommunale kroner hadde komitéen til disposisjon, etter søknad. Mange arrangement blei gjennomført i samarbeid med eksisterande organisasjonar, i fagforeiningssalen i Rådhuset, i kinoen og på biblioteket. Slik blei engasjementet breitt forankra og ressursane delt.
Den internasjonale kvinnedagen 8. mars, var første arrangement for komitéen.

"Kvinner i heim og samfunn"
Utstillinga "Kvinner i heim og samfunn" blei arrangert i november 1975 . Utstillinga tok mellom anna opp politisk deltaking. Det blei presentert tall for kor mange strykingar og kumuleringar kvinner hadde på dei ulike partilistene til kommunevalet i Odda og kva plass kvinner kom på etter valet i forhold til plassering på listene. Dordei Raaen utførte analysen av valresultatet. På ein plakat i utstillinga blei det provoserande spørsmålet stilt:
Menn sier: kvinner stryker kvinner. Er det sant?
Ein annan plakat frå utstillinga har tema "Kommunale nemder i Odda" og ei klar oppfordring til samfunnsansvar: Medsøster! Hvor kan du gjøre nytte for deg? Hilsen Kvinneårskomitéen.

"Kvinners arbeid"
Engasjementet førte til aktivitet ut over FNs kvinneår. På oppmoding frå kvinneårs-sekretariatet nasjonalt, blei det gjennomført ei stor undersøking om "Kvinners arbeid" . Eit omfattande tall-materiale blei henta inn og analysert . Her kom Dordei Raaen sin kunnskap om statistikk og dokumentasjon med tall og mengder tydeleg til nytte. Komitéen samarbeidde med Statistisk Sentralbyrå om metode. Det var eit stort og krevjande arbeid å organisera undersøkinga. 25 kvinner var aktive for å samla inn data frå heile kommunen. Undersøkinga blei presentert av Dordei på 8. mars-arrangementet i 1976.
Ein plakat viser mannlege- og kvinnelege lønnstakarar i Odda kommune pr november 1975 og dokumenterer kor mange som er i deltidsarbeid versus heiltidsarbeid og kva lønnstrinn dei er plasserte i. Alle dei 135 mennene er i heiltidsstillingar. Berre 67 kvinner er i heiltidsstilling, 117 har deltid. Lærarane var ikkje tatt med i undersøkinga, truleg fordi dei var på eit anna regulativ.

Arkivet etter komitéen
Arkivet etter Odda-komitéen for FN`s kvinneår i Odda, er oppbevart i Lokalhistorisk arkiv ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Dordei sørga for at arkivet blei tatt vare på inntil Odda Industristadmuseum med Lokalhistorisk arkiv blei etablert. Dordei var klar på at bibliotek og arkiv er to ulike ansvars- og fagprofesjonar.
Den største og mest kjende plakaten har motiv frå Gustav Vigeland sin smijarnsport i Vigelandsparken i Oslo. Motivet blei òg utgitt som nasjonalt frimerke til 8. mars 1975.
Symbolet for FNs internasjonale kvinneår, "FN-fuglen" eller fredsdua med det biologiske symbolet for hokjønn og er lik-teiknet i velet .

I rapporten frå 16.12. -75, skriv komiteen ved nestleiar Dordei Raaen:
"Arbeidet i komitéen har utviklet seg ved at nye interesserte kvinner har kommet med. Om flere av dem som ble valgt i februar ikke lenger er med, skyldes dette fraflytting og ulempe med arbeidstiden. Det har faktisk ikke vært motsetninger i komitéen, men derimot utvikling av samarbeid og vennskap. Problemer har vi likevel hatt i befolkningen, og det p.g.a. demonstrasjon for fri abort 8. mars. Dette har imidlertid ikke hindret oss, men nok ført til at vi ikke fikk den 100 % oppslutning om utstillingen som vi la opp til.


 2015-05-15 10:59Odda bibliotekFalseFalse