26. mai 1293 var det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova, hjå lagmann Sigurd Brynjulvsson. Bleiediplomet er det nedteikna forliket i ein tvist mellom bønder på Indre og Ytre Bleie om mellom anna gjerdehald, beiterett og fordeling av legd.
Loven det vart dømt etter i saka var Landslova av 1274, Noregs fyrste riksdekkande lovbok, som vart gjeve berre 19 år tidlegare.
Herren til Aga, riddaren Sigurd Brynjulvsson, var ein av kring 16 lagmenn i Noreg på denne tida.
Les meir om arrangementet på facebooksida til Agatunet.