PROGRAMOVERSIKT

whinter

Konsert - Josefin Winther

lørdag 1. august kl 19:00 - 20:30, Kraftmuseet

Denne sommaren legg Josefin Winther ut på ein unik turné. Turnéen vert avslutta i den spektakulære hallen i Tyssedal kraftstasjon, der Josefin har førebudd ein spesiell konsert for den heilt spesielle akustikken og atmosfæren.

Etter utgjeving av fire engelskspråklege album, debuterte Josefin Winther på norsk hausten 2019. Albumet fekk svært god mottaking, og merksemd både på radio og TV, passerte kjapt 100 000 streams, og blei løfta fram som ein milepæl i karrieren hennar. Som den uvanleg produktive låtskrivaren ho er, følgde Josefin opp med EP-en «Helt hel» april 2020. Utgjevinga fekk veldig gode mottakingar, og låten «Fint å se deg her» gjekk rett inn på NRK P1 sine nasjonale spelelister.

Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på TicketCo.