PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Moddi

Konsert: Moddi

mandag 3. juni kl 20:00 - 21:00, Sentralbadet Litteraturhus

Sentralbadet inviterar til konsert med Moddi.

Visesongar. Bustehovud. Aktivist. Moddi har gitt oss udødelege songar som "House by the Sea", "Togsang" og den fortryllande versjonen sin av "Nordnorsk julesalme". Han har vunne Spellemann
to gonger, selt ut Operaen, motteke den høgthengande Prøysenprisen og turnert verda rundt med konseptalbumet Unsongs. Når Moddi går på scena, veit du aldri heilt kva du får.

Denne våren ser Moddis nye album "Vandreviser" dagens lys. Songane på albumet vart til då Moddi sommaren 2021 gjekk som pilegrim frå Oslo til Trondheim, ein 643 kilometers vandring
åleine med gitaren. Undervegs skreiv han songar inspirert av landskapet, menneska, stilla og spora etter den tusenårige historia til kristendommen i landet vårt. Resultatet vart urframført under to utselde konsertar i Nidarosdomen.

Inngang: kr. 320
Billettar kan kjøpast på TicketCo.