PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Ronnie Romero

Konsert: Ronnie Romero

fredag 17. mai kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Vokalisten i Rainbow kommer til Odda og Iris Scene.

Chilenskfødte Ronnie Romero frontar både Richie Blackmores Rainbow og Michael Schenker Group. Som om det ikkje var nok er han også vokalist i rockebandane Elegant Weapons, The Ferrymen (ft. Magnus Karlsson & Mike Terrana), Walter Giardino's Temple, Sunstorm og Lords Of Black i tillegg til at han pleier sin eigen solokarriere.

Ronnie Romero er vokalisten som syng alle klassikarane du kan, og no er han ute med heilt nytt solo-album Too Many Lies, Too Many Masters. Den etterfølgjande turneen bringar han til Noreg for nokre få konsertar i mai/2024. For å gjera heile rocke-pakken fullenda tek Romero med seg eit av dei nye up-and-coming hardrockband frå Bergen, VARIETY JONES, som support.
Gjer deg klar til ein festkveld med hard rock av ypparste klasse!

Du kan lytta på Ronnie Romer på spotify.

Inngang: kr. 350 / kr. 400 (Medl BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.