PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Thom Hell

Konsert: Thom Hell

fredag 31. mai kl 20:00 - 21:00, Siderhuset Ola K

Siderhuset Ola K inviterar til konsert med Thom Hell.

Thom Hell har gjennom ei årrekkje vore ein av Noregs mest populære og produktive artistar. Som songar, produsent og låtskrivar har han gitt ut tolv studioalbum, motteke tre Spellemannpriser, sjarmert heile Noreg i «Kvar gong me møtest» og vunne «Det store korslaget». Hans plate «Happy Rabbit» vart motteke med ståande ovasjonar av britisk presse. I 2019 gav han ut tre album og i 2022 gav han ut to - begge fekk strålande kritikkar.
Thom Hell har ein lang og innhaldsrik karriere bak seg og har gjennom åra vorte ein velkjend og godt likt artist. Ved sida av eigne utgivingar har han medverka på ei rekkje suksessfulle samarbeid, m.a. med artistar som Marit Larsen, Jonas Fjeld, Marion Ravn, Jonas Alaska, Marte Wulff og Larkin Poe. Thom hentar mykje inspirasjon frå 60- og 70-talet, og utor denne forankringa har han jobba fram eit særeige og vellydande musikalsk uttrykk.
Med albumet sitt nr 12, dobbeltalbumet «A Pleasant Life», feirar no Thom Hell 20 år som artist! Med ferske utgivingar i bagasjen kjem han til å gjera ein omfattande turné.
Denne kvelden kjem Thom Hell i duoformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.

Inngang: kr. 350
Billettar kan kjøpast på Ytrehuslive.