PROGRAMOVERSIKT

Ope hus hos Espe Grannalag

Ope hus hos Espe Grannalag

lørdag 25. mai kl 13:00 - 19:00, Espe

Espe Grannalag inviterar til ope hus.

Espe ungdomshus har fått seg eit løft det siste året. Oppe i salen ligg det no eit nytt dansegolv, og nede i matsalen har me fått betre sikt, då me har fjerna søylene som tidlegare delte rommet.

Huset me er så glad i har blitt så fint! Feiring må til!

HALD DIFOR AV LAURDAG 25. MAI! Det blir ope hus og aktivitetar for både små og store sambygdingar.

Nede på kaien skipar me til fiskefestival for born, og seinare på kvelden blir det samvær for dei litt eldre med moglegheitar for ein matbit og noko godt i glaset. Og ja, det blir heilgrilla unggris på menyen, sjølvsagt.