PROGRAMOVERSIKT

49293654_2204676136446574_4283951044188176384_o

Smelteverkslunsj - Næringshagen

fredag 25. september kl 11:00 - 12:00, Sentralbadet litteraturhus

Litteraturhuset i Odda tar initiativ til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket eller dei som er opptatt av utvikling på tomta.

BAKGRUNN
Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidsstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes.

Gjest september: NÆRINGSHAGEN I ODDA
Anna Gursli Langesæter (30) tok over stillinga som dagleg leiar i Næringshagen i Odda 1. mars. Næringshagen har i nokre år hatt kontor i Hovedlageret og er involverte i store og små prosjekt for å leggje til rette for nyskaping og vekst i næringsliv og i offentlig sektor i Hardangerregionen.