PROGRAMOVERSIKT

litthus

Språksalong: Nye språk i Norge

lørdag 7. november kl 13:00 - 14:00, Sentrabedet Litteraturhus

Pål Kristian Eriksen er språkelskar, multilingvist og forfattar av boka «Nye språk i Norge: En språkodyssé», til mykje merksemd kjem til litteraturhuset for å gi ei entusiastisk innføring i nokre av dei nye språka som finst i Norge i dag.

Visste du at tyrkisk spreidde seg med eit ridande nomadefolk som ikkje berre snakka eit velklingande språk, men også hadde ein særleg kjærleik for gjæra hoppemelk, at somaliarane på 1960-talet måtte velge mellom atten ulike skriftspråk, og at det ikkje nyttar å lære seg arabisk utan å mestre eit hellt batteri av bisarre strupelydar?

Visste du at språket dari, det dei fleste afghanarar i Norge snakkar, eigentleg er ei dialekt av persisk? At pakistanarar flest snakkar panjabi, sjølv om urdu (og engelsk) er landet sine offisielle språk, og at urdu og det indiske hindi i praksis er eitt og same språk, bare skrive med to ulike alfabet? Og at desse språka stammar fra same urspråk som norsk?

Velkommen til språksalong!

Inngang: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.