PROGRAMOVERSIKT

tokvam

“Hest, fest & heimlengt” med Finn Tokvam, Twang Gang og Olav Stedje

lørdag 26. juni kl 20:00 - 23:59, Iris Scene

Om du trudde at countrymusikken berre var sår og trist, så har dette firkløveret sett seg føre å motbevisa det, men kanskje tek vemodet dei til slutt? Den som møter opp får sjå og høyra!

Finn Tokvam er kjend frå både radio og TV, og er forfattar og musikar på nasjonalt nivå.

I denne konserten får de oppleve han saman med landets mest hardtsvingande rockabillyband, Twang Gang frå Voss. Med seg har dei sjølvaste Olav Stedje.

Dørene opnar 20:00, konsertstart klokka 21:00.

Inngang: kr. 375
Billettar kan kjøpast på TicketCo.