PROGRAMOVERSIKT

tonar%20av%20tungar

Tonar av Tungar

søndag 6. juni kl 18:00 - 19:00, Herand Bedehus

Konsert i Herand Bedehus med musikararane Kari Malmanger, song, Solveig Sørheim, trøorgel.

Desse to røynde musikarar kjem med eit repertoar av snirklete salmar og friske folketonar frå Etne, Kvinnherad og Sogn.
 
Kari er utdanna frå Raulandsakademiet, Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet og har master i Etnomusikologi frå Universitetet i Bergen med oppgåva ”Song, minne og kommunikasjon”. I botnen har ho musikklærar-utdanning frå Høgskulen i Bergen, Griegakademiet. I 2012 gav ho ut plata «No soli bakom blåe fjell» med folketonar frå Kvinnherad, Hardanger, Voss og Sogn. Som folkesongar har ho konkurrert på Landskappleiken og vore i A-klassen sidan 2009.  
Ho er aktiv utøvande musikar både i lokalmiljøet, og i inn- og utland. Sidan 2015 har ho hatt ei viktig rolle i konsertturneen: Julesong, som har turnert i Sogn og Fjordane.  
 
Solveig Sørheim er utdanna ved Griegakademiet, der ho har studert komposisjon og kyrkjemusikk. Ho arbeider fast som organist i Etne og jobbar elles som komponist og utøvande trø-organist innan forskjellige sjangrar. Folkemusikken ligg ho nært til hjarta og ho gler seg stort over å spela konsert saman med kvedar Kari Malmanger.

Inngang: kr. 200