Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

PROGRAMOVERSIKT

Filtrer








landsfestivalen i gammaldansmusikk

Landsfestivalen i gammaldansmusikk

7. august - 11. august, Fjordahallen, Kinsarvik
Landsfestival i gammaldansmusikk 2019 vert arrangert i Kinsarvik 7.–11. august 2019.
Landsfestivalen har aldri vore arrangert i Hordaland tidlegare, og det er særs gledeleg at festivalen no skal arrangerast i Hardanger.

Kinsarvik er heradssenteret i Ullensvang herad, og ligg ved Hardangerfjorden. I februar i år stod Fjordahallen ferdig i Kinsarvik, og denne vert hovudarenaen for festivalen. Ved sidan av ligg Kinsarvik skule der øvingsromma vert. Vidare ligg overnattingstilboda i kort avstand frå hallen, og det vert såleis ein kompakt festival også i Hardanger.

Hardanger Spelemannslag ønskjer å ha eit ekstra fokus på born og unge under Landsfestivalen 2019. Dette er viktig då Hardanger Spelemannslag ynskjer å bidra til rekruttering innan spel og dans, og sjølvsagt naturleg når Kinsarvik er festivalstaden, og frå før av ein populær stad for born og unge.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019 blir arrangert av Hardanger Spelemannslag!

Følg med på www.landsfestivalen.no og på Facebook for nærare informasjon.

Annen kontaktinfo:
kinsarvik2019@landsfestivalen.no