Visning av jubileumsfilmane til Odda kommune.
argefilmen frå 1963 vart laga til Odda kommune sitt 50- årsjubileum. Samfunnet var i vekst og filmen fortel om folkeliv, industri- og næringsliv, historie og naturgrunnlag. Vi møter unge og vaksne på biblioteket og skulebussen, i industribyen og idrettsanlegga eller på arbeid. Filmen vart ofte vist på Odda kino og mange vil kjenne seg igjen.
Odda kommune var 100 år i 2013, og filmen tek for seg historia frå tidleg 1900-tal og fram til 2013. Det handlar om turisme, industri, ras, krigsåra, Kirkens bymisjon, og ikkje minst kvardagsmenneska i kommunen. Frode Grytten les teksten, og sper på med 3 korte filmatiserte sekvensar frå "Bikubesong"
Visning kl 12.00 - 13..30 og kl. 17.00 - 18.30.
Inngang: kr. 50,-
Billettar kan kjøpast på
TicketCo eller i døra.