Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

Kva skjer i kulturen

Velkomen til kulturkalender for HARDANGER kommunane

PROGRAMOVERSIKT

Filtrer








%c3%b8kologisk

ØKOLOGISK ØKONOMI: KORLEIS KAN FRAMTIDA SJÅ UT?

onsdag 22. januar kl 19:00 , Sentralbadet Literatturhus
Eit av tidas viktigaste spørsmål er kva for eit samfunn vi i framtida skal leve i. I møte med klimakrisa blir det stadig tydelegare at store politiske grep må til for å snu utviklinga.
Korleis må vi endre samfunnet vårt? Kan vi halde fram med draumen om evig vekst og stadig fleire ting, eller blir vi nøydd til å leve enklare liv i framtida, og organisere lokalsamfunna på ein annan måte, også i Hardanger?

Ove Jakobsen er professor ved Handelshøgskolen i Bodø, og Norges framste ekspert på økologisk økonomi. Han har skrive boka «Økologisk økonomi: Et perspektiv fra fremtiden», kor han har samla kunnskap frå meir enn 40 forskarar. Han kjem til litteraturhuset for å halde eit foredrag om det han meiner er ei naudsynt endring, kor vi går bort frå dagens kapitalistiske system. Vi kan ikkje berre dempe symptoma, vi må skape eit grunnleggande annleis samfunn, meiner han. Korleis skal vi gjere det?

Etter foredraget blir det felles diskusjon, med opent for spørsmål, innspel og debatt frå publikum.

Arrangementet er eit samarbeid med Hardangerakademiet.

Inngang: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.